mandag 30. januar 2017

Prosjektbeskrivelse - Stolen Ivar

Hei igjen, etter snart eit halvt år utan blogging. Kvar har tida blitt av?
I dette blogginnlegget vil eg presentere og drøfte rundt ei oppgåve i design og arkitektur 2, som eg har jobba med i førstetermin. Oppgåva vår gjekk ut på å redesigne Ikea sin stol "Ivar". Dette har vore ei stor oppgåve, med både utfordringar og gleder.

Prosess
Det første eg gjorde var skissearbeid og planlegging. Eg blanda etterkvart ein gråfarge som eg syntes passa til det elegante utrykket eg ville ha. Vidare jobba eg med mønsteret på stolen. Det var inspirert frå mandala, fordi eg synes det er dekorativt og dessutan kjekt å teikne. Her brukte eg både vannfast tusj og maling. Mønsteret tok eg i fargen svart, ettersom det ville gi best kontrast i forhold til den lyse gråfargen.

Eg sagde til ei plate under stolen, fordi det gjorde stolen meir formfull og mindre spinkel. Dessutan er det praktisk med eit møbel som har fleire enn ein funksjon – til å sitte på og oppbevare ting på hylla. Plata tok eg i same farge som stolen og med eit mønster som var i slekt med det på setet. Dette gjorde at stolen fekk ein betre heilhet.

Når det kom til puta, hadde eg bestemt meg for kva stoff eg ville bruke. Stoffet kjem frå ein kjole eg hadde og ville skape ein kontrast i det harde materiale. Sjølve fargen og blondene på stoffet, er mykje varmare enn den kalde gråfargen og treet i stolen. Eg ville skape ei pute som både var behageleg å lene ryggen inntil, men som også gav stolen eit lekkert preg. 


Utfordringar
Når ein jobbar med eit slikt prosjekt, vil det alltid dukke opp utfordringar. Det er nesten heilt umulig å unngå, men det er vel det som gjer arbeidet så lærerikt. Mine problemstillingar har vore å teikne/male mandalaene. Ei treplate som underlag var nytt for meg, og eg oppdaga at det har ei heilt anna struktur enn det eit vanleg ark har. Nokre gongar gjorde den ruglete overflata slik at strekane mine ikkje blei like beine som eg ønskte dei, men dette er kanskje berre små bagateller som ingen andre enn eg sjølv legg merke til.

Ei anna utfordring var å få puta til å henge fast i stolen, og ha rett form. Det var knapt med stoff og nokre gongar var dette stoffet vanskeleg å jobbe med. Eg tok ei papplate inni for at den skulle helde fasongen eg ville ha, men det var likevel vanskeleg å få den til å ligge fint. Stoffet oppførte seg på ein slik måte at puta blei klumpete. Dette problemet løste eg med å sy stoffet tettare saman på baksida, slik at puta blei meir stram. 



Ferdig produkt og funksjon
Eg syns stolen blei svært lekker! Mønsteret blei skikkelig tøft og gjorde at den fekk eit eige preg. Eg føler det er veldig tydeleg at det er eg som har designa akkurat denne stolen, fordi stilen reflekterer til meg. 

Funksjonen til denne stolen er nok eigentleg at man skal kunne sitte på den. Likevel så synes eg at den ser så passa fin ut, at den lett kan bli brukt som pynt også. Eg ser for meg at den hadde passa inn på eit kjøkken prega av rolege fargar og eit stilreint utrykk. Stolen er ikkje særleg overveldande, men eg vil likevel tru at den er ein blikkfangar.

I alt, så er eg nøgd med designet mitt og syns at stolen er svært attraktiv. Det var eit stort prosjekt som krav mykje tenking og tid, men som gav gode resultat. Viss eg skulle ha endra på noko, ville eg nok valt eit stoff til puta som var litt enklare å jobbe med. Då ville resultatet kanskje ha blitt enda betre. Namnet på mitt stoldesign er "Ivars Mandala".




mandag 18. april 2016

Smykkedesign - ferdig produkt

Hei! No har eg runda av oppgåva mi med smykkedesign og sit igjen med både eit smykke og eit armbånd. Armbåndet er laga i samme stil som smykket, berre i ein litt annan vri. Her er det også blonder og perler som er det gjennomgåande materiale eg har brukt. Dette skaper ein heilhet i arbeidet og eg føler smykket og armbåndet utfyller kvarandre.

Det eg liker med smykkedesignet mitt er kor lett dei er å feste på. Bårelåsen gjere det enkelt og greit å både ta av og på smykket og armbåndet. Dette er ein funksjon som er praktisk og unik. Dessutan likar eg godt måten perlene, som heng nedover, skapar ein fri stemning. Når ein ber smykket rundt halsen og armbåndet rundt handa, er det som om perlene strekker seg utover og symboliserer ein glad og åpen energi.

Eg er veldig nøgd over at eg valgte å sy diamantperlene på smykket også. Dette likte eg fordi dei skinner veldig fint, noko som gjer at ein legg meir merke til smykket. Å lage eit produkt som nesten er usynlig og kjedelig, er det ingen vits i. Dette produktet skal dominere over eit ellers normalt klesplagg utan dekor. Armbåndet er litt meir rolegare i form og utrykk. Dette gjorde eg fordi at ein ofte har mykje annet på ein arm frå før - ringer, lakkerte negler, klokker osv - og tenkte at det då fort ville blitt litt for voldsomt med eit armbånd som stakk seg for mykje fram.

Ettersom sjølve kjerna i smykkedesignet mitt består av den svarte blonda, er det derfor veldig lett for at det blir bøyd. Dette kan ver både både positivt og negativt. Ulempa vil nok ver at om ein ikkje legg smykket ifrå seg på ein passande plass, vil det få feil form. Dette merka eg når eg skulle frakte det med meg i veska, det blei raskt misbøyd fordi eg bretta det saman og la det nedi. Likevel er det veldig lett å få formen tilbake og det kan jo ver ein fordel at det er såpassa mjukt og lett å kontrollere.

Så kjem den delen der eg er nøydt til å komme på eit navn. Dette syns eg er den vansklegaste delen ved å skape eit design, fordi navnet skal liksom ver prikken over i-en samtidig som det skal fortelje noko om sjølve produktet. Eg liker ikkje titler som er for åpenbare, fordi det er kjedelig og lite originalt. Derfor pleier eg å bruke litt tid på å faktisk finne fram til eit passande navn. Eg liker ein tittel som kan skape undring hos mottakaren, kanskje ved bruk av ein metafor eller ved å sette saman ord som vanligvis ikkje pleier å stå saman. I den ekte verden ville jo dette vore eit produkt eg ville prøvd å få solgt og då er det viktig at navnet vekker interesse, samtidig som det gir ein peikepinn på kva for eit produkt det er. Derfor endte eg opp med navnet Midnattsbånd  på smykkedesignsettet mitt.

onsdag 13. april 2016

Duodji - samisk kunsthåndverk

Hei! Eg tenkte å skrive eit innlegg om duodji, som er eit av emna me har snakka om i kunst og formkultur. Duodji vil seie samisk kunsthåndverk, som er veldig tøft og annleis laga til enn norsk kunsthåndverk. Samane er eit urfolk i Noreg og har mange andre måtar og metodar å lage sine design på. Det er veldig interessant å sjå nærare på og la seg inspirere av.

Ein som lagar duodji kallar me duodjar. Denne mannen eller dama nyttar gjerne materiale som dei finn i nærområdet. Dette kan ver vanleg naturmateriale som ulike tretypar og dessutan restar frå dyr. Samane er veldig flinke til å nytte kvar minste del av eit dyr som har vorte drepen. Både bein, skinn, ull og innvollar ser dei ein nytteverdi i. Dei gjenstandane som blir laga kan ver alt frå ein skarp kniv til ei mjuk og fin hua. Duodjarar lagar dessutan også vesker og sekker, i tillegg til koppar, beltespenner og pyntegjenstandar.


Her er eit bilete av ulike produkt som er duodji stil. Det ein ser kjapt er at den brune fargen går igjen på gjenstandane. Dette er nok fordi det er brun som er den naturlige fargen i både tre og skinn. Det eg likar med duodji er at det ser ut som produkt som er veldig godt spikka eller sydd saman, med veldig detaljert dekor. Duodji, som er inspirert frå vikingtida, er ein stil med design som tek veldig lang tid. Alt blir laga for hånd og med reine og flotte materiale. Det som er trist er at duodjarar ikkje får like mykje igjen for arbeidet sitt, som dei burde fått. Dette er kjempeflotte design som absolutt er nyttige for alle i kvardagen, og likevel er det i ferd med å dø ut fordi duodjarar går konkurs.

Det som eg trur er problemet med at det er så få som kjøper ting i duodji-stil, er fordi det er både ukjent og kjem frå ein kultur som me ikkje høyrer mykje om. Eg trur folk rett og slett ikkje tenker over kva for arbeid som faktisk ligg i det og kor fine tinga faktisk er. Tanken slår meg at viss det f.eks hadde vore ein norsk person som hadde starta ein kolleksjon i denne stilarten, ville fleire ha kjøpt produkta. Dette ville nok vore fordi det då hadde vore noko nytt. Mange tenker nemleg at samer er alt for gammaldagse, me tenker jo det med ein gong me høyrer ordet "urfolk". Dette syns eg er veldig dumt og samane må for all del berre kjempe for å ivareta kulturen sin.


onsdag 6. april 2016

Smykkedesign - prosess

Hellu, då var me i gong i igjen i design og arkitektur, etter to veker med ferie. Før ferien, byrja me så vidt på den nye oppgåva som er smykkedesign, og som vanlig er dette ei oppgåva som går over eit bredt felt. Med smykkedesign meiner me ikkje berre eit vanlig smykke, men også anna kroppspynt som armbånd, ring eller hårbånd. Eg skissa litt diverse utkast, før eg fekk ein klar ide i hovudet om kva eg ville lage. Den var ikkje særlig god å skisse ned, men planen var klar for meg. Eg var heima og fant fram dei ulike materiala eg trengte deriblant blonder og perler, dessutan fekk eg låne bårelås av skulen.

Det første eg gjorde var å sy ein beige blondekant over den svarte. Dette var eit pirkete arbeid, men det er kjekt å sy og gjekk greit å få unnagjort. Etterpå måtte eg sy fast bårelåsen i kvar ende av smykke. Eg ville det skulle ver intesittande rundt halsen og det var derfor litt vanskelig å få ein passande omkrins. Tanken bak å bruke bårelås var at dette skulle ver eit smykke som ein enkelt kan ta av og på. Mange smykke kan ver litt vriene å få på seg og ein bårelås vil derfor løyse det problemet.

Då dette var gjort sydde eg på perlene. Eg hadde mange fargar å velje mellom og dessutan finnes det utallige med forskjellege formar også. Eg valgte lange perler fordi eg visste at eg skulle bruke ei stor perla i enden og då tenkte eg at dei lange perlene ville holde denne meir på plass. Blåfargen på desse passa dessutan godt saman med dei svarte blåndene, fordi det blei ein slags slektskap mellom dei to fargane, samtidig som dei ikkje gjekk i ett.

Etter å ha fått ferdiggjort smykket innsåg eg at eg enda har nokre timar til disposisjon og tenker å lage eit armbånd i samme stil. Dette vil skape ein meir heilhet og produktet mitt vil komme betre fram, som ein fin serie. Resultat og vurdering kjem seinare på bloggen.



onsdag 17. februar 2016

Nikolai Astrup

Hei! I går var klassen til Bergen i forbindelse med kunstfaga. Først var me på ein glassverkstad, der me fekk sjå på korleis glass former seg og dessutan fekk me lage eit sjølvprotrett av fargerike glassbitar. På slutten av dagen var me på eit galleri og såg på Nikolai Astrup sine måleri. Nikolai Astrup, som var ein norsk målar, levde frå 1880 til 1928. Han måla for det meste naturbilete som ofte var motiver frå der han budde.

Me blei vist rundt av ein gudie, som var veldig flink til å prate om Astrup og måleria hans. Her var det mange veldig ulike bilete, mykje var av naturen. Eg synes at desse bileta var utruleg flotte, fordi dei var så realistiske og ekte. Dessutan var det god stemning over dei. Når eg såg på bileta var det som å sjå på eit ekte fotografi. På utstillinga var alt frå bilete han laga seinare i karrieren sin og nokre teikningar han laga som ung. Dette gjorde at utstillinga blei meir personleg og ekte, fordi me kom meir inn på korleis det var han jobba og kva for person han var.

Eit av måleria hans, såg slik ut. Dette biletet har eg tatt sjølv, så detaljane viser ikkje så veldig godt. Likevel synes eg at dette bilete var eit av dei finaste. Eg får liksom lyst til å gå inn i biletet og gå rundt på den garden han har malt. Gudien fortalte at dette var eit motiv han hadde måla mange gonger oppover livet sitt. Det ein ser er at nokre av husa endra farge og det kan ver ulike årstider. Eg synes at det verkar interessant og det er bra at han måla det samme motivet fleire gongar, slik at ein kan sjå utviklinga - både i korleis staden forandra seg, men også korleis evna hans til å måle utvikla seg.

Noko anna eg likar ved dette biletet er fargebruken. Dette måleriet består nesten berre av grønn, men det er likevel lett å skille mellom kva som er gras, buskar, myr osv. Ofte kan heilt grønne bilete bli tunge og rotete og sjå på, men her synes eg at han har vore dyktig når det gjald å blande dei perfekte fargane for å skape det rette utrykket! Dessutan er det eit veldig godt perspektiv i biletet. Husa kjennes som dei ligg litt bakom midten på biletet, medan enga ligg enda nærare og fjella heilt bakerst.


mandag 1. februar 2016

Lampedesign; ferdig resultat

Hellu! I dag limte eg saman lampen og var borte på butikken og kjøpte lyspære. Herlighet, så mange ulike pærer det var å velge mellom! Dei var i ulike former, størrelser og styrke i watt, så eg måtte bruke nokre sekunder til å tenke gjennom kva det var eg eigentleg ville ha. Heldigvis kunne ho på butikken hjelpe meg og eg fekk lov til å teste pæra, så eg fant den perfekte! Denne syns eg gav best mulig lys, uten at det blei for sterkt. Heima prøvde eg ei pæra, men den syns eg blei så sterk at den skinte alt for mykje gjennom stoffet, eg ville ha meir ein mellomting.






































Eg syns resultatet blei tøft, eg er litt stolt over å ha lagd den. Tross alt var det berre ein gammal lampe eg demonterte fullstendig, noko blått stoff frå loftet og ein tilfeldig stein som låg ute, som danna noko heilt nytt og funksjonelt. Det som er litt dumt med produktet, er at malinga flassar litt av på ledningen. Det var den største utfordringa mi, å få den til å holde seg fin.

Lampen fekk eit orginalt preg over seg, med tanke på den spesielle forma på lampeskjermen og steinen. Den er også veldig ulikt noko eg vanligvis ville lagd, ettersom eg pleier å lage veldig elegante og stilreine produkt. Likevel vil eg seie at det gøyale over lampen er stiligt og interessant å sjå på, heilheten syns eg er god. Ein kan sjå at mønsteret i lampeskjermen går igjen nede på steinen. Ellers syns eg lampen er herlig! Den er navngitt Hetten.


mandag 18. januar 2016

Lampedesign; skisser og prosess

Hei! Det nye oppdraget vårt i design og arkitektur er å designe ein lampe. Denne skal ver i den rette størrelsen og den skal ver funksjonell, så når me skulle byrje å skisse og tenke fram ein lampe var det mykje å tenke på. Eit av dei første problemstillingane eg møtte på var at eg tenkte "Oi, korleis skal eg klare å lage noko som lysar?" Dette problemet har eg løyst med å finne ein gammal lampe og bruke foten til den. Som ein kan sjå på dette bildet. Dette var orginalt ein lampe som skal henge på veggen, men min lampe skal kunne stå på eit nattbord eller stovebord.

Eg skissa mange forslag, blant anna denne her. Den er den som liknar mest på den lampen eg lagar no, sjølv om den ikkje akkurat er lik i det heile tatt! Når eg skissar fram ulike produkt, så føler eg at eg ryddar hovudet mitt for alle ideane mine. Det er godt å få dei ut, før eg mister dei. Det eg merke av og til er at når eg skal byrje på sjølve prosjektet, så går eg ofte litt vekk i frå skissene fordi eg får nye idear om kva som passar bra.

Lampen min liknar kanskje litt på det ein tenke på som ein "vanlig" lampe, kanskje fordi det er slike lampar eg har latt meg inspirere av. Likevel syns eg at min lampe er litt unik likevel, lampeskjermen har ei heilt orginal form som er litt vanskelig å beskrive, men den viser på bildet under. Denne laga eg av hønsenetting, ettersom det egna seg best. Hønsenetting var eit nytt materiale for meg og eg innsåg kjapt at man blei kjapt litt oppskrapt på fingrar og armar, men når først forma stod klar var dette eit veldig greit matereale og jobbe med.

Først var planen at eg skulle bruke eit kvitt stoff og dette tenkte eg kom til å bli gjennomsiktig. Derfor gjekk eg bort til apoteket for å kjøpe noko tynt bomullsstoff. På apoteket var det mykje rart å velge mellom, men det var veldig store pakkar. Eg trengte jo ikkje så mykje. Heldigvis for meg var han som jobba der veldig grei og fant noko tynne bomullsstoff som dei hadde på lageret, som dei ikkje trengte. Og han ga meg dei gratis! Dette blei eg veldig glad for!

Då eg kom heim til Tysnes i helga, var eg oppe på loftet og leita etter eit brukande stoff. Då kom eg over eit skikkelig stilig blått stoff, som eg falt pladask for. Dette ville eg bruke. Eg ville også bruke perler og fekk lov til å få nokre bunadsperler som mamma har, til lampen min. Det var mange farger å velje mellom, men eg valgte dei som var kvite og matte, for å få eit elegant preg på lampen. Det som eg gjere no er å sy mønster på stoffet, det er eigentleg eit ganske fritt mønster. Eg tenkte først å lage eit mønster på papir og bruke det, men så fekk eg lyst til at lampen min skulle bli litt meir fri og gøyal, ettersom lampeskjermen har ei så gøyal form!