mandag 30. januar 2017

Prosjektbeskrivelse - Stolen Ivar

Hei igjen, etter snart eit halvt år utan blogging. Kvar har tida blitt av?
I dette blogginnlegget vil eg presentere og drøfte rundt ei oppgåve i design og arkitektur 2, som eg har jobba med i førstetermin. Oppgåva vår gjekk ut på å redesigne Ikea sin stol "Ivar". Dette har vore ei stor oppgåve, med både utfordringar og gleder.

Prosess
Det første eg gjorde var skissearbeid og planlegging. Eg blanda etterkvart ein gråfarge som eg syntes passa til det elegante utrykket eg ville ha. Vidare jobba eg med mønsteret på stolen. Det var inspirert frå mandala, fordi eg synes det er dekorativt og dessutan kjekt å teikne. Her brukte eg både vannfast tusj og maling. Mønsteret tok eg i fargen svart, ettersom det ville gi best kontrast i forhold til den lyse gråfargen.

Eg sagde til ei plate under stolen, fordi det gjorde stolen meir formfull og mindre spinkel. Dessutan er det praktisk med eit møbel som har fleire enn ein funksjon – til å sitte på og oppbevare ting på hylla. Plata tok eg i same farge som stolen og med eit mønster som var i slekt med det på setet. Dette gjorde at stolen fekk ein betre heilhet.

Når det kom til puta, hadde eg bestemt meg for kva stoff eg ville bruke. Stoffet kjem frå ein kjole eg hadde og ville skape ein kontrast i det harde materiale. Sjølve fargen og blondene på stoffet, er mykje varmare enn den kalde gråfargen og treet i stolen. Eg ville skape ei pute som både var behageleg å lene ryggen inntil, men som også gav stolen eit lekkert preg. 


Utfordringar
Når ein jobbar med eit slikt prosjekt, vil det alltid dukke opp utfordringar. Det er nesten heilt umulig å unngå, men det er vel det som gjer arbeidet så lærerikt. Mine problemstillingar har vore å teikne/male mandalaene. Ei treplate som underlag var nytt for meg, og eg oppdaga at det har ei heilt anna struktur enn det eit vanleg ark har. Nokre gongar gjorde den ruglete overflata slik at strekane mine ikkje blei like beine som eg ønskte dei, men dette er kanskje berre små bagateller som ingen andre enn eg sjølv legg merke til.

Ei anna utfordring var å få puta til å henge fast i stolen, og ha rett form. Det var knapt med stoff og nokre gongar var dette stoffet vanskeleg å jobbe med. Eg tok ei papplate inni for at den skulle helde fasongen eg ville ha, men det var likevel vanskeleg å få den til å ligge fint. Stoffet oppførte seg på ein slik måte at puta blei klumpete. Dette problemet løste eg med å sy stoffet tettare saman på baksida, slik at puta blei meir stram. 



Ferdig produkt og funksjon
Eg syns stolen blei svært lekker! Mønsteret blei skikkelig tøft og gjorde at den fekk eit eige preg. Eg føler det er veldig tydeleg at det er eg som har designa akkurat denne stolen, fordi stilen reflekterer til meg. 

Funksjonen til denne stolen er nok eigentleg at man skal kunne sitte på den. Likevel så synes eg at den ser så passa fin ut, at den lett kan bli brukt som pynt også. Eg ser for meg at den hadde passa inn på eit kjøkken prega av rolege fargar og eit stilreint utrykk. Stolen er ikkje særleg overveldande, men eg vil likevel tru at den er ein blikkfangar.

I alt, så er eg nøgd med designet mitt og syns at stolen er svært attraktiv. Det var eit stort prosjekt som krav mykje tenking og tid, men som gav gode resultat. Viss eg skulle ha endra på noko, ville eg nok valt eit stoff til puta som var litt enklare å jobbe med. Då ville resultatet kanskje ha blitt enda betre. Namnet på mitt stoldesign er "Ivars Mandala".




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar