onsdag 16. desember 2015

Nora Gulbrandsen

I kunst og formkultur held me på å lære om norsk og nordisk design frå perioden 1918-1945. Blant anna har me snakka om Nora Gulbrandsen som var ein norsk designar. Ho blei ansatt på Porsgrunn porselensfabrikk, der mange av designa hennas blir seldt. Ho er død no, men etter mi meining er designa hennas udødelige. Denne koppen er designa av ho og eg syns den er elegant og lekker, og vil derfor skrive litt om denne.



















Eg vil seie at dekoret på koppen kanskje har vorte inspirert av De Stijl, med tanke på dei rette linjene og det geometriske. Dessutan er det primærfargane som er brukt. Dei blå linjene er tydelige i ein kraftig og djup blåfarge, som skapar ein elegant balanse mot det krittkvite på koppen og fatet. Prikkane på koppen er i ein mørk gul eller gullakti, kanskje litt bronsjeakti farge. Det er ikkje brukt mykje rødt på dette designet, men eg vil likevel seie at ein legg veldig mykje merke til det røde. Denne kontrasten, mellom rødt, blått og gult, er fargens egen kontrast og eg vil seie at på denne koppen er det vel brukt. Ofte kan primærfargane bli veldig glorete mot kvarandre, men det synes eg ikkje er tilfelle på dette designet.

Med tanke på forma tenker eg at koppen er veldig funksjonell. Forma er enkel, men likevel ikkje kjedlig og vanlig. Dette er ein kopp som nok blir blir til kaffi, te og liknande og då syns eg det er smart at koppen er designa på denne måten. Øvst er den veldig åpen, slik at den varme drikka ikkje blir gloheit når den kjem inn i munnen. Eg har ofte opplevd at koppane eg drikk av er for smale, dette er jo veldig greit om ein vil drikka skal holde på varmen lenge, men når ein skal kose seg med ein kopp te trur eg denne koppen er perfekt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar