tirsdag 15. desember 2015

Illustrasjon av tekst

Hei, hei! Det nærmer seg juleferie, noko som vil seie at det er på tide å runde av dei oppgåvene me jobbar med i alle fag. I design og arkitektur har me dei siste vekene jobba med å illustrere lyriske og episke tekstar. Me skulle velge oss tre tekster og lage ein illustrasjon av dei, i tilegg til å å lage ei framside og bakside, slik at dette då til sammen blei ei samling av illustrasjoner og teksten skulle også vera med.

Eg valgte å illustruere til tre dikt som eg sjølv har skrive. Alle tre dikta vil eg seie er moderne, dei rimar ikkje, men dei har ei ganske bunden form med like mange verselinjer per vers. To av dei er på bokmål og eine på nynorsk, dette er rett og slett fordi det var det som passa best. Når eg skriv dikt, eller episke tekstar så kjem som oftast teksten i hovudet mitt og eg berre skriv det ut, uten å eigentleg tenke over om det er på bokmål eller nynorsk.

Tittelen på samlinga mi blei heitande "Bilde i hode" fordi, som sagt ovenfor, tekstene og illustrasjonane berre kjem til meg. Skal eg lage noko danner det seg eit bilde av det i hovudet mitt, før det kjem ut på arket eller kor det skal vera. Så, eg vil seie tittelen passar veldig godt til diktsamlinga mi! Dessutan var det litt morsomt at eg fekk tre ord på framsida som slutta på -de, så det blei litt bokstavrim der.

Eg tenkte å ikkje eigentleg publisere dikta mine ordentlig på bloggen, fordi eg rett og slett er redd for at nokon skal stjele dei! Eg blei ganske nøgd og eg er ein person som ikkje heilt klarar å dele tekstene mine med andre, men eg legg ut litt bilde frå framsida og den eine illustrasjonen.

Dette er ein illustrasjon til eit dikt som heiter "Snøflak". I dette diktet er snøflaket ein metafor på menneske. Først laga eg berre snøflaket, men så tenkte eg at det kanskje ikkje var så orginalt. Mange har nok laga eit snøflak før, så tenkte eg å ha det litt gøy med tegningen og spurta maling på det. Etterpå tok eg mitt eige fingeravtrykk og trykte det rundt om på arket, tross alt handlar diktet om menneske, noko som eit fingeravtrykk er eit klart symbol på.





Elles i faga, slik som visuelle kunstfag, har me jobba med å geometrisere naturformer. Dette gjere me for å øve oss til terminprøven me skal ha i januar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar