tirsdag 10. november 2015

Stol og sitjeredskap- oppgåve

Hellu! I design og arkitektur så er oppgåva vår å lage ein modell av eit sitjeredskap. Dette kan jo ver så mykje! Det kan vera den ultimate lenestol, eller ein stiv krakk. Her kunne me i klassen virkelig skisse fram og skape vår eigen stol.


Her er då den stolen eg skal lage. Dette er skissa til korleis den skal sjå ut, og måla viser kor stor modellen er. Eg lagar modellen av stolen i leira, fordi eg tenkte det verka greit ettersom eg skulle ha ein slik form. Ja, stolen liknar jo ein kopp det er lett å sjå. Eg veit ikkje heilt kvifor eg lagde akkurat denne stolen, ettersom eg hadde mange andre forslag også, men eg er glad eg valge den. No ventar eg berre på at leira skal bli ferdig å brennast, slik at eg kan få male den.

I mellomtida har eg jobba med dekor til stolen min, Her er då tre puter eg har sydd saman, som eg synes blei så søte! Eg likte godt farge kombinasjonen og gledar meg til å legge dei oppi stolen min :) Enda har eg ikkje bestemt meg heilt for kva navn det blir på stolen, eg må jo finne på noko fancy i tilfelle dette blir ein stor suksess og alle i verden vil kjøpe den!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar