onsdag 11. november 2015

Mondrian-oppgåve

Heihei! Det eg har jobba med i kveld er oppgåva mi til visuelle kunstfag. Oppgåva går ut på å lage eit bilde som ligner på det Mondrian gjorde. Mondrian var ein kunstnar som måla bilde innenfor kubismen. Det vil seie at det for det meste går i firkantar, dessutan var Mondrian veldig glad i primærfargane pluss kvit og svart.

Her er då eit bilete som Mondrian har laga. Klassen skal då lage eit liknande bilde på eit lerret som er 30x30! Det virker som ei ganske lett oppgåve, men det er faktisk svært mykje arbeid med å lage alle firkantene og male dei pent og nøyaktig. Eg synes det er svært gøy å male, så oppgåva går ganske greit, men mi personlige meining er at dette ikkje akkurat er kunst. Eg likar ikkje heilt det nonfigurative over bildene til Mondrian, men det er kanskje smak og behag!

Nedenfor kan ein sjå bilete frå når eg byrja å male på lerretet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar