mandag 16. november 2015

Ferdig modell av stol

Hei, då har eg gjort ferdig modellen av stolen min, Den var ferdig brent og eg kunne no setje i gong og male den. Eg starta først med å male den i ein behageleg gråfarge, ettersom eg synes at grått er svært fint. Det er liksom ett eller anna elegant med det grå som eg likar. Eg malte den i ein klar kvitfarge inni, fordi fagen kvit gjere at ting ser større ut. Dessutan lagde eg kantane også kvite, berre for at den liksom skal skinne opp! Dette syns eg ga stolen eit vakkert preg.

Vidare tenkte eg at eg måtte ha litt dekor utenpå stolen også. Det eg gjorde då var å inspirere meg av den damande røyken som kjem opp av ein kopp te/kaffi. Ettersom stolen min liknar ein kopp, passar det veldig bra som dekor. Kanskje lot eg meg inspirere litt av Art Nouveau også!

Desse blomstrande strekande er tegna opp med svart tusj, for å skape eit nøyaktig resultat og fine spiraler.  Stolen er perfeksjonert til minste detalj, fordi eg veit at det gir det beste resultatet.


Putene gjer at det blir behagelig å sitte og selvfølgelig er dei til dekor. Eg likte godt kontrasten i den matte gråfargen over leira i forhold til puta i glitter og puta i silke. Kontraster er eit veldig spennande virkemiddel, fordi ein då legg merke til det ulike i produktet. Hadde alle materiala våre i samme materiale hadde produktet blitt kjedligt, det hadde ikkje fanga augas oppmerksomhet.






Her er stolen sett oven i frå. Eg vil egentlig sei at denne stolkoppen er ganske meg, fordi eg har komponert den ut i frå element eg likar. Først og fremst så syns eg kopper er veldig fine, fordi dei kan ha så mange ulike formar og mønstre, dessutan diggar eg jo å jobbe med tekstil så at eg kunne kombinere det saman med leira er eg glad for. Som sagt så er fargane også veldig meg.

Alt i alt er eg veldig nøgd med resultatet, det er ingenting eg ville ha endra på eller lagt til. Navnet er eg framleis usikker på, men det eg har tenkt litt på er Te-Chaise. Te som i drikko te, ettersom det er ein kopp, og chaise som er det franske ordet for stol. Eg valgte å gi den eit fransk navn, fordi eg elsker det franske språket!

Au revoir!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar