lørdag 21. november 2015

Utvikling over tid

Hellu! No går det mot slutten av hausten for i år og eg blir så veldig glad i å tegne då eller dille med andre ting. I fjor lagde eg tegningen nedenfor, som eg blei inspirert av ei oppgåve dei hadde på Fitjar vgs (var på hospitering der) og i år fekk eg lyst til å gjere den same oppgåva. Det eg gjorde var å ta eit blad som utgangspunkt og legge formen av det rundt om på arket slik at eg fekk mange felt på arket, som eg kunne fylle med mønster.

Då eg var ferdig med tegningen, fant eg fram den eg lagde i 2014. Det første eg tenkte var WOW eg har virkelig utvikla meg. Den neste tanken var om kor mykje eg kommer til å utvikle meg om enda fleire år. Alle utvikler seg heile tida og forbedrer seg og det er eigentleg ganske kjekt å sjå tilbake på ting ein har gjort før og sammenligne det med noko ein har gjort no.

2014
2015

tirsdag 17. november 2015

Mitt Mondrian bilde

Hellu, då har eg gjort ferdig Mondrian-bildet mitt! Det blei nå ikkje heilt beine strekar, men jaja. No er eg nå i alle fall ferdig med det. Det tok sjukt lang tid egentlig og det var svært frustrerande at det ikkje gjekk an å male over når eg sølte med svart. No får eg vente i spenning på den neste oppgåva i visuelle kunstfag!

mandag 16. november 2015

Ferdig modell av stol

Hei, då har eg gjort ferdig modellen av stolen min, Den var ferdig brent og eg kunne no setje i gong og male den. Eg starta først med å male den i ein behageleg gråfarge, ettersom eg synes at grått er svært fint. Det er liksom ett eller anna elegant med det grå som eg likar. Eg malte den i ein klar kvitfarge inni, fordi fagen kvit gjere at ting ser større ut. Dessutan lagde eg kantane også kvite, berre for at den liksom skal skinne opp! Dette syns eg ga stolen eit vakkert preg.

Vidare tenkte eg at eg måtte ha litt dekor utenpå stolen også. Det eg gjorde då var å inspirere meg av den damande røyken som kjem opp av ein kopp te/kaffi. Ettersom stolen min liknar ein kopp, passar det veldig bra som dekor. Kanskje lot eg meg inspirere litt av Art Nouveau også!

Desse blomstrande strekande er tegna opp med svart tusj, for å skape eit nøyaktig resultat og fine spiraler.  Stolen er perfeksjonert til minste detalj, fordi eg veit at det gir det beste resultatet.


Putene gjer at det blir behagelig å sitte og selvfølgelig er dei til dekor. Eg likte godt kontrasten i den matte gråfargen over leira i forhold til puta i glitter og puta i silke. Kontraster er eit veldig spennande virkemiddel, fordi ein då legg merke til det ulike i produktet. Hadde alle materiala våre i samme materiale hadde produktet blitt kjedligt, det hadde ikkje fanga augas oppmerksomhet.






Her er stolen sett oven i frå. Eg vil egentlig sei at denne stolkoppen er ganske meg, fordi eg har komponert den ut i frå element eg likar. Først og fremst så syns eg kopper er veldig fine, fordi dei kan ha så mange ulike formar og mønstre, dessutan diggar eg jo å jobbe med tekstil så at eg kunne kombinere det saman med leira er eg glad for. Som sagt så er fargane også veldig meg.

Alt i alt er eg veldig nøgd med resultatet, det er ingenting eg ville ha endra på eller lagt til. Navnet er eg framleis usikker på, men det eg har tenkt litt på er Te-Chaise. Te som i drikko te, ettersom det er ein kopp, og chaise som er det franske ordet for stol. Eg valgte å gi den eit fransk navn, fordi eg elsker det franske språket!

Au revoir!

lørdag 14. november 2015

Figurdikt

I norstimane på skulen for tida har me om episk dikting. Dette er jo mitt hovedfelt innenfor norsk, ettersom eg elsker å dikte! Akkurat no jobbar me med lyrisk dikting og verkemidla i dikt. Eg tenkte å prøve meg på eit formdikt, ettersom det ser litt kult ut når eit dikt har ei spesiell form. 

Her er diktet mitt "Spørsmålet"




onsdag 11. november 2015

Mondrian-oppgåve

Heihei! Det eg har jobba med i kveld er oppgåva mi til visuelle kunstfag. Oppgåva går ut på å lage eit bilde som ligner på det Mondrian gjorde. Mondrian var ein kunstnar som måla bilde innenfor kubismen. Det vil seie at det for det meste går i firkantar, dessutan var Mondrian veldig glad i primærfargane pluss kvit og svart.

Her er då eit bilete som Mondrian har laga. Klassen skal då lage eit liknande bilde på eit lerret som er 30x30! Det virker som ei ganske lett oppgåve, men det er faktisk svært mykje arbeid med å lage alle firkantene og male dei pent og nøyaktig. Eg synes det er svært gøy å male, så oppgåva går ganske greit, men mi personlige meining er at dette ikkje akkurat er kunst. Eg likar ikkje heilt det nonfigurative over bildene til Mondrian, men det er kanskje smak og behag!

Nedenfor kan ein sjå bilete frå når eg byrja å male på lerretet.

tirsdag 10. november 2015

Stol og sitjeredskap- oppgåve

Hellu! I design og arkitektur så er oppgåva vår å lage ein modell av eit sitjeredskap. Dette kan jo ver så mykje! Det kan vera den ultimate lenestol, eller ein stiv krakk. Her kunne me i klassen virkelig skisse fram og skape vår eigen stol.


Her er då den stolen eg skal lage. Dette er skissa til korleis den skal sjå ut, og måla viser kor stor modellen er. Eg lagar modellen av stolen i leira, fordi eg tenkte det verka greit ettersom eg skulle ha ein slik form. Ja, stolen liknar jo ein kopp det er lett å sjå. Eg veit ikkje heilt kvifor eg lagde akkurat denne stolen, ettersom eg hadde mange andre forslag også, men eg er glad eg valge den. No ventar eg berre på at leira skal bli ferdig å brennast, slik at eg kan få male den.

I mellomtida har eg jobba med dekor til stolen min, Her er då tre puter eg har sydd saman, som eg synes blei så søte! Eg likte godt farge kombinasjonen og gledar meg til å legge dei oppi stolen min :) Enda har eg ikkje bestemt meg heilt for kva navn det blir på stolen, eg må jo finne på noko fancy i tilfelle dette blir ein stor suksess og alle i verden vil kjøpe den!