mandag 18. januar 2016

Lampedesign; skisser og prosess

Hei! Det nye oppdraget vårt i design og arkitektur er å designe ein lampe. Denne skal ver i den rette størrelsen og den skal ver funksjonell, så når me skulle byrje å skisse og tenke fram ein lampe var det mykje å tenke på. Eit av dei første problemstillingane eg møtte på var at eg tenkte "Oi, korleis skal eg klare å lage noko som lysar?" Dette problemet har eg løyst med å finne ein gammal lampe og bruke foten til den. Som ein kan sjå på dette bildet. Dette var orginalt ein lampe som skal henge på veggen, men min lampe skal kunne stå på eit nattbord eller stovebord.

Eg skissa mange forslag, blant anna denne her. Den er den som liknar mest på den lampen eg lagar no, sjølv om den ikkje akkurat er lik i det heile tatt! Når eg skissar fram ulike produkt, så føler eg at eg ryddar hovudet mitt for alle ideane mine. Det er godt å få dei ut, før eg mister dei. Det eg merke av og til er at når eg skal byrje på sjølve prosjektet, så går eg ofte litt vekk i frå skissene fordi eg får nye idear om kva som passar bra.

Lampen min liknar kanskje litt på det ein tenke på som ein "vanlig" lampe, kanskje fordi det er slike lampar eg har latt meg inspirere av. Likevel syns eg at min lampe er litt unik likevel, lampeskjermen har ei heilt orginal form som er litt vanskelig å beskrive, men den viser på bildet under. Denne laga eg av hønsenetting, ettersom det egna seg best. Hønsenetting var eit nytt materiale for meg og eg innsåg kjapt at man blei kjapt litt oppskrapt på fingrar og armar, men når først forma stod klar var dette eit veldig greit matereale og jobbe med.

Først var planen at eg skulle bruke eit kvitt stoff og dette tenkte eg kom til å bli gjennomsiktig. Derfor gjekk eg bort til apoteket for å kjøpe noko tynt bomullsstoff. På apoteket var det mykje rart å velge mellom, men det var veldig store pakkar. Eg trengte jo ikkje så mykje. Heldigvis for meg var han som jobba der veldig grei og fant noko tynne bomullsstoff som dei hadde på lageret, som dei ikkje trengte. Og han ga meg dei gratis! Dette blei eg veldig glad for!

Då eg kom heim til Tysnes i helga, var eg oppe på loftet og leita etter eit brukande stoff. Då kom eg over eit skikkelig stilig blått stoff, som eg falt pladask for. Dette ville eg bruke. Eg ville også bruke perler og fekk lov til å få nokre bunadsperler som mamma har, til lampen min. Det var mange farger å velje mellom, men eg valgte dei som var kvite og matte, for å få eit elegant preg på lampen. Det som eg gjere no er å sy mønster på stoffet, det er eigentleg eit ganske fritt mønster. Eg tenkte først å lage eit mønster på papir og bruke det, men så fekk eg lyst til at lampen min skulle bli litt meir fri og gøyal, ettersom lampeskjermen har ei så gøyal form!


onsdag 13. januar 2016

Vespa scooteren

Vespa scooteren er ein scooter som nok mange kjenner til. Produksjonen av den starta i 1946, og i dag blir den berre meir og meir populær. Den er stilig og finnes i mange fargar og design. Mannen bak scooteren er Corradino D'Ascanio, som var ein italiensk ingeniør. Han har også designa det første italienske helikopteret og var svært interessert i ting som kunne fly. Grunnen til at han designa Vespaen, var fordi han trudde at alle scootere var skitne og ukomfortable, dette ville han ha ei endring på og bestemte seg for å lage noko nytt!

























Ein av vespa scootarane som eg synes var stilig var denne. Den er i ein behagelig babyrosa farge, med kvitt sete og detaljer i sølv/grå. Eg likte denne fordi den var søt og tøff på samme tid. Fargen symboliserer nok til at det er ei jente som ville ha kjøpt den. 

Formen er moderne i og med at den ikkje har den skjermen framme, som den orginalt blei designa med. Eg synes at materialet får scooteren til å verke som om den veger ingenting, som om den er lagd av plast. Eg er litt usikker på kva den faktisk er lagd av. Den ser lett og enkel ut og verkar veldig fristande å kjøre på i ein varm sommardag. 

I forhold til heilheten meiner eg at materiale og fargen passar godt saman. Babyrosa og kvitt er ofte fargar me forbinder med små born, og med tanke på kor lett og enkel dette materialet framstår, synes eg det ser fint ut. Det hadde nok ikkje passa å hatt ein mørk og tung farge, på denne modellen her.