
Tittelen på samlinga mi blei heitande "Bilde i hode" fordi, som sagt ovenfor, tekstene og illustrasjonane berre kjem til meg. Skal eg lage noko danner det seg eit bilde av det i hovudet mitt, før det kjem ut på arket eller kor det skal vera. Så, eg vil seie tittelen passar veldig godt til diktsamlinga mi! Dessutan var det litt morsomt at eg fekk tre ord på framsida som slutta på -de, så det blei litt bokstavrim der.
Eg tenkte å ikkje eigentleg publisere dikta mine ordentlig på bloggen, fordi eg rett og slett er redd for at nokon skal stjele dei! Eg blei ganske nøgd og eg er ein person som ikkje heilt klarar å dele tekstene mine med andre, men eg legg ut litt bilde frå framsida og den eine illustrasjonen.
Dette er ein illustrasjon til eit dikt som heiter "Snøflak". I dette diktet er snøflaket ein metafor på menneske. Først laga eg berre snøflaket, men så tenkte eg at det kanskje ikkje var så orginalt. Mange har nok laga eit snøflak før, så tenkte eg å ha det litt gøy med tegningen og spurta maling på det. Etterpå tok eg mitt eige fingeravtrykk og trykte det rundt om på arket, tross alt handlar diktet om menneske, noko som eit fingeravtrykk er eit klart symbol på.
Elles i faga, slik som visuelle kunstfag, har me jobba med å geometrisere naturformer. Dette gjere me for å øve oss til terminprøven me skal ha i januar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar