lørdag 21. november 2015

Utvikling over tid

Hellu! No går det mot slutten av hausten for i år og eg blir så veldig glad i å tegne då eller dille med andre ting. I fjor lagde eg tegningen nedenfor, som eg blei inspirert av ei oppgåve dei hadde på Fitjar vgs (var på hospitering der) og i år fekk eg lyst til å gjere den same oppgåva. Det eg gjorde var å ta eit blad som utgangspunkt og legge formen av det rundt om på arket slik at eg fekk mange felt på arket, som eg kunne fylle med mønster.

Då eg var ferdig med tegningen, fant eg fram den eg lagde i 2014. Det første eg tenkte var WOW eg har virkelig utvikla meg. Den neste tanken var om kor mykje eg kommer til å utvikle meg om enda fleire år. Alle utvikler seg heile tida og forbedrer seg og det er eigentleg ganske kjekt å sjå tilbake på ting ein har gjort før og sammenligne det med noko ein har gjort no.

2014
2015

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar