I dette blogginnlegget vil eg presentere og drøfte rundt ei oppgåve i design og arkitektur 2, som eg har jobba med i førstetermin. Oppgåva vår gjekk ut på å redesigne Ikea sin stol "Ivar". Dette har vore ei stor oppgåve, med både utfordringar og gleder.
Prosess
Det første eg gjorde var skissearbeid og planlegging. Eg blanda etterkvart ein gråfarge som eg syntes passa til det elegante utrykket eg ville ha. Vidare jobba eg med mønsteret på stolen. Det var inspirert frå mandala, fordi eg synes det er dekorativt og dessutan kjekt å teikne. Her brukte eg både vannfast tusj og maling. Mønsteret tok eg i fargen svart, ettersom det ville gi best kontrast i forhold til den lyse gråfargen.
Eg sagde til ei plate
under stolen, fordi det gjorde stolen meir formfull og mindre spinkel. Dessutan
er det praktisk med eit møbel som har fleire enn ein funksjon – til å sitte på
og oppbevare ting på hylla. Plata tok eg i same farge som stolen og med eit
mønster som var i slekt med det på setet. Dette gjorde at stolen fekk ein betre
heilhet.
Når det kom til puta, hadde eg
bestemt meg for kva stoff eg ville bruke. Stoffet kjem frå ein kjole eg hadde
og ville skape ein kontrast i det harde materiale. Sjølve fargen og blondene på
stoffet, er mykje varmare enn den kalde gråfargen og treet i stolen. Eg ville
skape ei pute som både var behageleg å lene ryggen inntil, men som også gav
stolen eit lekkert preg.
Utfordringar
Når ein jobbar med eit slikt prosjekt, vil det alltid dukke opp utfordringar. Det er nesten heilt umulig å unngå, men det er vel det som gjer arbeidet så lærerikt. Mine problemstillingar har vore å teikne/male mandalaene. Ei treplate som underlag var nytt for meg, og eg oppdaga at det har ei heilt anna struktur enn det eit vanleg ark har. Nokre gongar gjorde den ruglete overflata slik at strekane mine ikkje blei like beine som eg ønskte dei, men dette er kanskje berre små bagateller som ingen andre enn eg sjølv legg merke til.
Ei anna utfordring var å få puta til å henge fast i stolen, og ha rett form. Det var knapt med stoff og nokre gongar var dette stoffet vanskeleg å jobbe med. Eg tok ei papplate inni for at den skulle helde fasongen eg ville ha, men det var likevel vanskeleg å få den til å ligge fint. Stoffet oppførte seg på ein slik måte at puta blei klumpete. Dette problemet løste eg med å sy stoffet tettare saman på baksida, slik at puta blei meir stram.
Ei anna utfordring var å få puta til å henge fast i stolen, og ha rett form. Det var knapt med stoff og nokre gongar var dette stoffet vanskeleg å jobbe med. Eg tok ei papplate inni for at den skulle helde fasongen eg ville ha, men det var likevel vanskeleg å få den til å ligge fint. Stoffet oppførte seg på ein slik måte at puta blei klumpete. Dette problemet løste eg med å sy stoffet tettare saman på baksida, slik at puta blei meir stram.
Ferdig produkt og funksjon
Eg syns stolen
blei svært lekker! Mønsteret blei skikkelig tøft og gjorde at den
fekk eit eige preg. Eg føler det er veldig tydeleg at det er eg som har designa
akkurat denne stolen, fordi stilen reflekterer til meg.
I
alt, så er eg nøgd med designet mitt og syns at stolen er svært attraktiv. Det
var eit stort prosjekt som krav mykje tenking og tid, men som gav gode
resultat. Viss eg skulle ha endra på noko, ville eg nok valt eit stoff til puta
som var litt enklare å jobbe med. Då ville resultatet kanskje ha blitt enda
betre. Namnet på mitt stoldesign er "Ivars Mandala".